mandag 16. januar 2012

Reine klede, meir pengar?

Her ein dag fekk eg ein litt komplisert idé. Eg trur ikkje at han fungerer altså, då hadde sikkert ein eller annan idealist kome på han før meg. Den handlar av alle ting om klede, noko eg kanskje ikkje er kjent for å vere korkje opplyst om eller oppteken av, men han er altså som følgjer:

Klede kostar utruleg lite i Noreg. Dei kostar for lite. Etterspurnaden er stor, men tilbodet er enda større. Folk kjøper klede, men ikkje alt, så i januar kan ein få kjøpt seg ei skjorte for 50 kroner på kvart eit hjørne i Ålesund sentrum. Samstundes jobbar kinesarar og indarar og eg veit ikkje kven på spreng for luselønn for å finansiere desse latterleg billege kleda våre.

Kva med å få internasjonale politiske organ til å stille krav om ei leveløn (living wage) for heile verda? Eg tenkjer ikkje på ein fast sum, men ei minimumsløn som var tilpassa det enkelte land. Og ei løn som var slik at fattige ikkje måtte arbeide 16 timar i døgeret for å få råd til å leve. Om det kan kallast å leve når ein søv på fabrikkgulvet mellom skifta. Eg veit at dei fleste fagorganiserte ville dolka meg om dei las dette, men det er ikkje sikkert at det som fungerer godt i Noreg vil fungere godt i andre land - vi har ein høg prosent fagorganiserte som har mykje makt, medan situasjonen er ein annan i store delar av verda.

Produksjonen hadde blitt dyrare.

Ja, den hadde det, men om ein tenkjer tilbake 100 år i tid, gav Henry Ford sine tilsette høgare løn for å auke salet på bilar. Då fekk nemleg arbeidarane råd til å kjøpe bilane som dei produserte. Kan dette fungere i dag?

Vi hadde og vorte nøydde til å betale meir for kleda våre. Men for å seie det som sant er, det hadde vi hatt råd til. Og om alle kjede hadde sett opp prisane samstundes hadde vi ikkje hatt noko billegare å gå til. Vi hadde kanskje ikkje hatt råd til å byte ut kleda like ofte, men kanskje hadde vi tenkt oss litt meir om og gjort færre bomkjøp.

Så spørsmålet vert dette: Går det an å produsere og selje mindre utan å øydelegge økonomien dersom prisane og lønene vert sette opp?

1 kommentarar:

Frk. Øverby sa...

Du setter ord på tanker som kunne vært mine. Helt enig med deg!
Når det gjelder spørsmålet, tror jeg at det er meget mulig - hvis bare de som satt med makta til å endre det turde. Dessverre tror jeg mange nordmenn er så ødelagte av shopping og konsumeringskulturen at de hadde gjort opprør og stemt på noen andre ved neste valg. Og politikere kan foreslå de merkeligste ting for å bli valgt...
Men jeg flytter gjerne til det landet som har en sånn klespolitikk! Så blir vi i det minste to innbyggere (Hehe) - Amalie