Menneske kan ha livsløp som på mange måtar er heilt ulike, men ein ting har vi alle til felles; nemleg at vi alle skal døy. Nokre døyr tidleg, slik som mange spedborn som aldri rekk å fylle år, eller den vesle jenta som vart funnen død i heimen sin på Sotra i dag. Andre lever lenge, anten dei vert brått rivne bort, sovnar stille inn eller ender opp på ein sjukeheim dei siste åra av sitt liv.
Døden gjer vondt, men eg veit ikkje heilt kva eg skal tenke om han. Er døden ein bitter slutt? Kan han vere starten på noko nytt? Er døden vondskap, eller har han noko godt i seg? Er døden berre ein heilt nøytral og naturleg slutt på livet?
Menneske døyr òg på heilt forskjellege måtar. Nokre døyr einsame. Dei tykkjer eg synd i. Det er mange sider ved norsk kultur eg set stor pris på, men eg synst vi kunne vere flinkare å verdsetje våre gamle. Vi har ikkje dei same tradisjonane for respekt for eldre som finst til dømes i Asia eller Afrika. For all del, dei fleste får vel strengt tatt den hjelpa dei treng, men det er dette med selskapet... Ingen mann er ei øy, vert det sagt, medan nokre seier at kvart menneske er ei øy, og at vi må bygge bruer mellom dei alle.
Så lenge vi lever, får vi ta vare på relasjonane. Det er dei som betyr noko. Fred med seg sjølv, fred med andre menneske, fred med Vårherre og ei hand å halde i. Dette trur eg at eg vil ønske meg når mi tid kjem - eg vil nok ikkje bry meg så mykje om kor stort hus eg hadde eller kva eg hadde i årsløn. Så får eg kanskje sjå kva som finst på den andre sida - det vil seie, om det finst noko der i det heile. For om det ikkje finst noko som helst, så er eg historie og vil aldri få vite det.

2 kommentarar:
Det du skriv e so sant!
Å ha mange fine ting, he lite å sei dersom ein e åleine. Lykka e å kunne dele livet med andre menneske
Korsen står det til i ålesund då?
Va det ein fin tur te latvia?
Varme helsingar frå Trondheim
Latvia var kjempefint! Ålesund har vore kald og klar i det siste, så litt finare no... Går dt bra med deg i Trondheim?
Legg inn en kommentar