Ein ganske stille fredag på Galleriet i Bergen vart med eitt farga av mjuke pianotonar. Eg undra meg på kvar denne vakre musikken kom i frå. Nokre rulletrappar opp fekk eg svaret. Ein ung mann bak eit stort, svart flygel kika opp på meg.
Poesi.
Eg gjekk langsamt forbi, og gløtta forsiktig på notane. Han spelte berre songar frå ei songbok, men det var vakkert. Det heile var så fint at eg måtte ta meg ein runde i den same etasjen ein gong til. No spelte han klassisk. Eg gjekk inn i ein butikk, og på veg ut att la eg merke til at han spelte ein gamal salme, utan noter denne gongen. Då gjekk eg forbi enda ein gong, og la merkje til nokre visittkort som var lagt fram på flygelet. Eg gjekk forbi, men snudde meg og vart ståande og kike enda litt til. Visst hadde han sett at eg såg på han, det fekk så vere. Han gløtta opp på meg òg. Men visittkortet tok eg aldri. For kva skal eg vel med eit nummer som eg aldri kjem til å ringe?

5 kommentarar:
Ring Ring Ring :P :P
va han pene?
Han såg ut som en pianist... pene, men melankolsk
Maria, Maria... Hvorfor ikke?
- etterpåklokskapen lenge leve!
Legg inn en kommentar