tirsdag 27. september 2011

Å skjerme seg

Det kan vere vel så spanande å følgje med på PC-skjermane til studentane på ei førelesning som det førelesar faktisk seier. Eg trur nesten det kan vere like lærerikt òg, om enn meir nyttig for ein psykologistudent enn for meg. Dei som ikkje tek notatar (ofte over 50%) syslar med alt frå enkle internettspel til vakre naturfilmar med imponerande high-speed fotografering. Nokre ser på statusoppdateringar og pene jenter på Fjesboka, for deretter å handle skjorter og anna sjekkemateriell på nett. Noko overraskande er det på meg at nettaviser er den største kjelda til distraksjon ved sidan av Fjesboka. Norsk ungdom er tydelegvis oppdatert om kva som hender i samfunnet. Det hender seg jamvel at nokre av studentane leiter seg opp ekstra informasjon om førelesningstema på nett.

Men når eg ser alle skjermane kor det aldri dukkar opp noko anna enn chattesider, tenkjer eg; kva gjer dei her eigentleg?

Det er vel ei sosial greie. Å sitje saman og vere ein annan stad, som vi så ofte gjer i vår postmoderne kvardag. Ei kjensle av å høyre til - men utan å delta. Vi er tilskodarar til verda. Kanskje fordi den er så komplisert, og vi er så vane med å "multitaske" at vi ikkje greier å halde fokus. Hjerna vår er ikkje laga for å handtere (sortere) så store informasjonsmengder som vi får inn kvar einaste dag. Dette er kanskje ein av grunnane til at søvnløyse er eit så stort problem i den vestlege verda.

Eg veit ikkje om det er så mykje å gjere med det. (Tolk "det" som det som måtte passe deg) Det mest konkrete eg kan kome på, er at vi ikkje må slutte å snakke med folk. Chatten og veggen og informasjonen, for ikkje å snakke om alle dei idiotiske kommentarfelta som følgjer nettartiklar, må ikkje få ta over hovudet vårt fullstendig.

Det er ein kunst å leve der ein er.

1 kommentarar:

Frk. Øverby sa...

Å, du skriver godt og tenker godt, Maria! En fryd å lese!