Det var det Herrens år 2011 at det aldri kom nokon sommer til Sunnmøre. Korkje temperaturane eller solskinet har videre imponert hittil i år, og no ligg Ålesund bada i ein lysegrå yr. Kanskje hausten er komen. No skal eg ut for å sosialisere meg, skal på togafest med andre nye studentar. Ikkje for at eg er så opplagt, men fordi eg syns det høyrest ut som eit meir anstendig alternativ enn Facebook.
Jesusmeditasjon
For 1 dag siden

0 kommentarar:
Legg inn en kommentar