Det har vore varmt dei siste dagane. Sommeren fekk ein pangstart med sol og 27 grader første juni, og temperaturen heldt fram med å stige i dag. Gradestokken viste heile 29 grader i skyggen, og med ei luftfuktigheit av ei anna verd er det heilt på grensa til kva eg toler. Likevel klarte eg å gjennomføre ein halvtimes joggetur og ein(!) pull-up i dag tidleg, noko eg er ganske fornøgd med. Elles saåg eg ei høggravid dame i mini-miniskjørt i dag, fekk nesten lyst til å ta bilete.
Dei siste to dagane har eg teke farvel med studentane mine, noko som vart tristare enn eg hadde rekna med. Dei gav meg ei karelsk veske og Pan og Viktoria av Knut Hamsun på russisk, så no har eg ikkje noko unnskuldning til å ikkje lese Hamsun lenger.
Då eg gjekk heim frå jobb i kveld, kjende eg at noko var på ferde. Vinden hadde teke seg opp, og store, mørke skyer rulla over himmelen. Og så kom det - store, tunge dropar med sommarregn, som plaska mot gata, piska mot kjolen og kjølte ned min overoppheita kropp. Medan sommarkledde russarar sprang i ly og forsøkte å verje seg mot det plutselege regnet, lyfte eg ansiktet mot himmelen og smilte, fornøgd med at eg rakk regnet òg. Var det ikkje for regnet, hadde dei vakre, irrgrøne trea som finst over alt i byen vore brunsvidde før midten av juli. Men eg må innrømme at eg håper at yr.no tek feil når dei påstår at det skal bli 11 grader her igjen neste veke...

0 kommentarar:
Legg inn en kommentar