tirsdag 31. mai 2011

Vakkert vèr

Livet er godt i Karelen den siste vårkvelden eg har att her. Klokka er åtte, men gradestokken viser framleis 19 grader og sola skin. Som sunnmøring med saltvatn i blodet er eg oppvaksen med at alt finevér skal nytast så sant ein ikkje arbeidar, så eg går lange omvegar til og frå jobb, og unngår berre sola midt på dag om det rett og slett er for varmt til å sete ute.

Eg har midre enn to veker att, og det er ei rart kjensle. Eg skulle så gjerne ha vore her ut heile visumperioden min, til den 30. juni, men det er ting eg må reise heim til. Ein stad inne i meg veit eg at det nok vert godt å kome heim òg, men nett no har eg berre lyst til å vere her. Leve livet, nyte den varme, russiske sommaren og dei mjuke skogane, som eg og ein finsk kompis nett har begynt å springe i.

Kort sagt har eg det rett og slett fint her, og er nok hakket meir tilpassa enn eg var innstilt på å bli. Eg har blitt van med at folk kjem for seint, at avtalar endrar seg i siste liten, at folk køyrer som galningar og strør om seg med søppel; ja, eg har jamvel nesten begynt å forvente at menn skal opne dørene for meg. Og dei russiske jentene, i sine miniskjørt og stiletthælar, er jo rett ut sagt flotte. Personleg er eg enno ikkje god på å lide for skjønnheita, så skoa mine er nett like flate som då eg kom. Men det må seiast at miniskjørt tek seg betre ut i pluss 20 grader celsius enn i -20.


0 kommentarar: