Midt i ei hektisk maiveke med besøk av konsulen, 17. mai-feiring, leksjonar, førelesningar, TV-opptreden og eksamenar tek eg meg tid til å stoppe opp ein augneblink. Eg fekk nemleg vite noko som provoserte meg i går.
Eg har kanskje nemt det før at korkje eg eller mine russiske kollegar tenar særleg mykje. Eg, med 50% jobb og utlendingsskatt, tener ca. 500kr i månaden. Mine russiske kollegar tenar 6000 rubel, eller ca. 1200kr i månaden om dei jobbar fullt. Ettersom prisane er omlag halvparten her i forhold til i Noreg, kan det samanliknast med å tene 2400kr i månaden i Noreg. For dette skal ein bu, ete, kle seg og ta buss, noko som er lettere sagt enn gjort.
Det som fekk raseriet til å boble opp i meg i går, var at mine kjekke, flinke, arbeidssomme kollegar fortalde meg kor mykje rektor ved universitetet tener. Han har ei månedsløn på over ein million rubel, noko som tilsvarar 200 000 kr. Det kan samanliknast med å tene 400 000 kr i Noreg, altså ei årsløn. Så medan den jamne arbeider tek strøjobbar i helgene og jobbar overtid på kvardagane for å i det heile tatt kunne ete nok, kan leiinga ved universitetet fråtse på lik linje med rikingar i verdas rikaste land. Han tener om lag 170 gongar meir enn den jamne universitetsførelesar!
Det er latterleg, det er surrealistisk, det er så fjernt frå mine verdier som ein kan kome - men det er diverre vanleg, i eit land der dei rike vert rikare og rikare, medan 70% av folket lever på eller under fattigdomsgrensa.

0 kommentarar:
Legg inn en kommentar