I dag, ein heilt vanleg måndag, vart eg gripen av eit uvanleg menneske.
Eg og syster mi var ute og vandra på Torgallmenningen, kjøpte litt julegåver og åt litt mat. Eg skulda henne penger, og gjekk inn på 7-11 for å ta ut pengar.
Like ved inngangen sat ein mann i rullestol.
Eg har blitt vant til tiggarar i rullestol, det er ganske mange av dei i byen, dei fleste er frå Aust-Europa. Mannen var veldig tynn, og i det eg gjekk inn døra synst eg at eg høyrde at han mumla svakt og kraftlaust: "...kan ikkje de kjøpa litt mat til meg...".
Eg var ikkje sikker, og undra meg ei stund på det, han var så lik alle austeuropearane at det var slett ikkje sikkert at det var norsk han hadde snakka. Men, om det var mat han ville ha, så skulle han få det anten han var norsk eller austeuropeisk, å la folk som ber om mat gå svoltne er nesten litt for gale, tykkjer eg.
Eg gjekk ut att og såg etter han. Han sov. Eg lurte på å gå forbi. Men nei, han var så tynn og bleik, han trengde verkeleg mat. "Orsak... har du lyst på ein youghurt?" spurde eg, og heldt fram ein TINE med melon. "Ååå, takk skal du ha, dette skal bli godt, eg har ikkje ete sidan torsdag!" seier mannen med nytt liv i ansiktet. Med innhule kinn og skjelvande hender byrjer han å opne loket. "Torsdag?!" seier eg forferda, "det er lenge det... vil du ha noko meir?"
Han ville ikkje det, men spurde om hjelp til å brette ut skeia. Kva som gjer at denne mannen har hamna så langt utanfor velferdssystemet veit eg ikkje, men han var i alle fall heilt tydeleg ufør. Nesten ingen styrke i dei skjelvande fingrane, og augene virra så eg ikkje visste om han såg meg. Men noko så takknemleg for ein stusseleg youghurt har eg ikkje sett i mitt liv. 12 kroner kosta det.
Eg fekk ein augneblink lyst til å seie til han at Gud elska han, men tenkte der og då at det nesten måtte følast som eit hån. Lett for meg å seie, med 20 kilo meir på kroppen, ein varm ullgenser og DVDar til 300 kroner i posen frå Platekompaniet. Men kanskje hadde han blitt glad for å høyre det? Ikkje veit eg, for eg sa det ikkje. Men inni meg kjende eg at eg trudde det var sant - kvifor skulle eg elles få SÅ vondt av eit menneske eg ikkje i det heile kjenner, når eg veit at det finst tusenvis av slike tilfelle?
Dagens utfordring: Finn eit menneske som treng ei hjelpande hand, som du ikkje forventar noko tilbake frå, som du kan glede. Det finst mange av dei, og det treng ikkje vere vanskeleg å gjere dagen deira litt betre. Gamle, narkomane, fattige, einsame, uføre og ulukkelege menneske er verkelege menneske dei òg, med dei same kjenslene og ønska om å bli sett som ressurssterke menneske. Sjå dei.